Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Klage på standpunktkarakter

Du kan klage på standpunktkarakterar dersom du meiner at dei som har sett karakterane ikkje har fulgt reglane. Du kan også klage dersom du ikkje har fått standpunktkarakter.

Dine føresette kan klage på vegner av deg fram til du er 18 år. Frå du er 18 år, kan du klage sjølv.

Du kan lese meir om dette på:

https://mrfylke.no/for-deg-som-er-elev-laerling-eller-privatist/elev-i-vidaregaaande-opplaering/eksamen-og-vurdering/klage-paa-standpunktkarakter

Les meir

Ein meters-regelen fører til redusert kapasitet på skolebuss og hurtigbåt

Når alle skolar startar denne veka, vil det tidvis kunne bli problem med å få plass til alle på skolebussen og hurtigbåtane, både til og frå skolen.

Les meir

Alle skriftlege eksamenar er avlyst

Alle skriftlege eksamenar i vidaregåande skule for elevar våren 2020 er avlyst. Det er førebels ikkje teke stilling til kva som skal skje med munnleg eksamen. Les meir på https://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/sikkerhet-og-beredskap/informasjon-om-koronaviruset/eksamen-2020/

Les meir

Utviding av tida med stengde skular – fram t.o.m 13.april 2020

Regjeringa har bestemt å vidareføre stenginga av skulane, i denne omgang fram til og med 13.april 20 (2.påskedag) og den nettbaserte undervisninga må halde fram. Vi legg stor vekt på å halde kontakt med elevane og følgje opp planane i dei ulike faga. Det meste av undervisninga er no nettbasert. Vi oppmodar alle til å følgje styresmaktene sine råd for å begrense smitten.

Det kan vere krevjande å vere borte frå skulekvardagen såpass lenge. Elevar eller føresette må gjerne kontakte kontaktlærar eller rektor dersom der er problemstillingar ein ønskjer å lufte.

Les meir

Koronaviruset- stopp av reiser og innstramming av møte og arrangement

Møre og Romsdal fylkeskommune har sett krisestab og følger situasjonen tett. Fylkeskommune tek situasjonen knytt til koronaviruset på alvor, og har frå i dag 11.mars sett i verk ytterlegare tiltak for å hindre smitte og spreiing av viruset. Det vil kunne bli sett inn nye tiltak på kort varsel.

Les meir

Informasjon til elevar og føresette om undervisningsevalueringa 2019-2020

Det er politisk vedteke at vidaregåande skolar i Møre og Romsdal skal gjennomføre ei undervisningsevaluering kvart skoleår. Målet med evalueringa er at ho skal vere eit verktøy for kvalitetsutvikling i den vidaregåande opplæringa i fylket. Resultata vil brukast i utviklingsarbeid mellom lærar og undervisningsgrupper, og mellom lærar og avdelingsleiar. Rambøll Management Consulting hjelper fylkeskommunen i design, gjennomføring og rapportering av evalueringa.

Les meir på: https://mrfylke.no/nyheiter/informasjon-til-elevar-og-foeresette-om-undervisningsevalueringa-2019-2020

Les meir

Varselknapp mot mobbing

Den nye varselknappen mot mobbing i elevportalen ligg klar.

Det er svært viktig at mobbing i skulen vert varsla og teke hand om så tidleg som råd.

Dersom du sjølv eller andre ikkje har det trygt og godt på skulen, kan du sende varsel og melde frå.

Les meir

Besøk av minister og ordførar

Dagen etter skulestart fekk skulen vår uventa besøk av Iselin Nybø, minister for forsking og høgare utdanning, og ordførar Lena Landsverk med følgje.

Det vart eit overraskande og hyggeleg møte for elvane i TIP-klassen, som til og med song fødselsdagssong for ordføraren vår, som er 50 år i dag.

Les meir

Velkomen til nytt skuleår!

Vi ønskjer alle elevane velkomne til eit nytt skuleår! Vi vonar du får eit lærerikt og kjekt år!

Les meir

Klagebehandling av standpunktkarakter

Utdanningsetaten i Møre og Romsdal fylkeskommune har utarbeidd ei rettleiing om behandling av klager på standpunktkarakterar.

Her finn du informasjon om kva elev eller føresette kan klage på, korleis skulen skal behandle klaga og kva klageinstansen skal sjå på: https://mrfylke.no/Tenesteomraade/Utdanning/Elev/Eksamen-og-vurdering/Klage-paa-standpunktkarakter

Les meir