Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hospiteringsdag

Den årlege hopiteringsdagen der vi får besøk frå alle 10. klassingane i Vanylven, og frå nokre skular i Sande, vert i år arrangert måndag 15. januar. Biletet er frå hospiteringsdagen januar 2006.

Les meir

Jule(bord)avslutning

Som vanleg vart skulen avslutta før jul med fint pynta bord, julemat og flott underhaldning på kantina. Eitt av høgdepunkta i underhaldniga var at vi fekk besøk av det kjende bandet Merkelappane. På biletet ser du dei to vokalistane i bandet.

Les meir

Juleverkstad

Juleverkstaden har i mange år vore ein fast tradisjon ved skulen. I år var juleverkstaden tysdag 19. desember. Det er kjekt med ein annan type dag etter at tentamen er vel unnagjort. Og kva er vel meir juleverkstad enn å bruke ei hydraulisk presse i ein ekte verkstad.

Les meir

Ekskursjon til NCM på Åheim

Vi reiste på ekskursjon til NCM på Åheim for å få ei orientering om bedrifta generelt, og om dei mange yrkesgruppene som er representert.

Les meir

Operasjon Dagsverk 2006

Dei fleste elevane tok del i årets aksjon, der fokus vart sett på born og unge sin situasjon i Nepal under mottoet ”Kamp for skuddsikker skole”. Elevane samla inn kr 10 550.

Les meir

Geologien sin dag

Fredag 8. september reiste Vg1 studiespesialisering til Nort Cape Minerals på Åheim der det vart arrangert geologien sin dag.

Les meir

Ekskursjon i friluft

ST klassa hadde torsdag kveld og fredag ein kombinert ekskursjon i kroppsøving, geografi og naturfag. Torsdag kveld var programmet å setje opp telt, sanke brennbart materiele til bål, brenne bål og ete grillmat. God stemning, sjølv om nokre fekk i seg vel mykje røyk frå bålet.

Les meir

Aktivitetsdag på Sandviksanden

Som vanleg starta vi skuleåret med å reise til Sandviksanden allereie ein av dei første dagane. Målet med denne turen er å verte betre kjende med kvarandre, og det gjer ein aller best når ein får gjere ting i lag. Etter å ha hatt ein del aktivitetar i gruppar og ete grillmat vart dagen avslutta med ei sandvolleyballturnering.

Les meir

Tur til Krakow og Berlin

Rett etter på påske reiste ei gruppe med lærarar og elevar på tur til Krakow og Berlin. Dette er ein tematur der den viktigaste hendinga er den dagen vi er i Auschwitz. Biletet er teke frå vakttårnet i Birkenau. Det vart ein tur men mange og sterke opplevingar.

Les meir

Overnattingstur i vinterfjellet

Dei åra det har vore gode nok snøtilhøve har vi hatt overnattingstur med igloo og snøholebygging. På grunn av svært lite snø vart det i år ein kombinasjon av igloo og telt. Det var svært god stemning rundt bålet utover kvelden og natta, og faktisk god stemning morgonen etter også, sjølv om ikkje alle hadde sove like mykje og like godt.

Les meir