Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Velkomen til foreldremøte 12.09.

Vi inviterer til foreldremøte for dei som har elevar i vg1-klassene tysdag 12.09. kl. 19.30. Møtet vert på kantina der det først vert ein del fellesinformasjon, deretter vert det klassevise samlingar ved kontaktlærarane.

Alle foreldre har fått skriftleg invitasjon.

Vel møtt!

Les meir

Velkomen til eit nytt skuleår!

Sommarferien 2017 går mot slutten og vi ser fram til å ta imot alle elvane som skal starte hos oss. Første skuledagen er måndag 21. august. Alle møter i kantina kl. 08.10.

Første skuleveka legg vi vekt på å verte kjende med kvarandre og også å komme oss raskt i gong med skuleåret.  Vi ber nye elevar om å gjere seg kjende med fylkeskommunen si pc-ordning (sjå oppslag på heimesida vår).

Du finn og mykje nyttig informasjon på mrfylke.no/elev 

Vel møtt!

Les meir

PC-ordninga i vidaregåande skule

Alle elevar i vidaregåande skule må ha eigen PC. Vi rår deg til å kjøpe fylkeskommunal elev-PC. Denne har god pris i høve til kvalitet, god garantiordning og forsikring. Bestiller du PC no får du den til skulestart. Elevar på TIP kan ikkje bruke Mac. Les meir om ordninga med PC på.

https://skolestart.mrfylke.no/#/pcinfo

Les meir

Klage på standpunktkarakter

Her finn du rettleiing og skjema viss du vil klage på standpunktkarakter. Sjå dokumenta i høgremargen på nettsida du kjem til om du trykkjer på linken nedanfor.

http://mrfylke.no/Tenesteomraade/Utdanning/Elev/Eksamen-og-vurdering/Klage-paa-standpunktkarakter

Les meir

Hyggjeleg gåve frå Vanylven kommune

Torsdag 9.02. kom ordførar Lena Sande med pengegåve frå Vanylven kommune. I fleire år har kommunen gitt ein sum som skal nyttast til velferdstiltak for elevane. I hovudsak har pengane gått til å delfinansiere tematur til Krakow og konsentrasjonsleirane Auschwitz og Birkenau. Sjekken vart overrekt til elevrådet i samband med skulelunsj i kantina. Elevrådsleiar Eline Norhagen takka på vegne av elevane.

Vanylven kommune er ein god støttespelar for skulen i mange samanhengar, og vi er takksame for den sjenerøse gåva!

Les meir

Diabetesprosjekt – januar 2017

HO
har gjennomført eit diabetesprosjekt. Målet med prosjektet var å sjå korleis kosthaldet verkar på blodsukkeret. Elevane på HO og ST møtte fastande på skulen
for blodsukkermåling og blei deretter delt i to grupper. Eine gruppa fekk sunn frukost, mens andre gruppa fekk usunn frukost.

Les meir

Informasjonsmøte for 10.klasseforeldre

Måndag 30. januar kl. 19.00 vert det informasjonsmøte for foreldre til 10.klassingar. Vi ønskjer å informere om vidaregåande skule generelt, men vi vil vektlegge tilboda vi kan tilby. Vi ønskjer også å formidle tankar om kva vi legg vekt på i drifta av skulen.

På møtet vert avdelingsleiarane og rådgjevar til stades.

Vel møtt til alle!

Les meir

OPEN DAG FOR 10.KLASSINGANE

Tysdag 24.01. var alle 10.klassingane frå Vanylven på besøk på skulen. I løpet av dagen var alle innom dei tre programområda våre (TP, HO og ST) to gongar (seks postar totalt). Skuledagen var fylt med ulike aktivitetar, til dømes sveising, blodsukkermåling, naturfagøvingar, baking og quizzar.

Det var ein interessert og kjekk gjeng vi hadde på besøk frå ungdomsskulane, og elevane våre gjorde ein strålande jobb med instruksjon og informasjon.

Les meir

GOD JUL!

Tradisjonen tru avslutta vi før jul med julemiddag og program for alle elevar og tilsette. Julemiddagen var perfekt og det var HO med lærarar som stod for den. Kantina var julepynta og klassene bidrog med program. Ein vellukka kveld før ein etterlengta juleferie.

Skulen startar oppatt for elevane tysdag 3. januar.

God jul og godt nyttår!

Les meir

Internasjonal veke og Operasjon Dagsverk

Også dette skuleåret valde elevane å engasjere seg i solidaritet med ungdomar i andre land. Årets prosjekt har «Snu fortida!» som tema og dei innsamla midlane går til Colombia. Colombia har vore mykje i søkelyset den seinare tid gjennom det framlegget til fredsavtale som er framforhandla mellom regjeringa og ulike opposisjonsgrupper.

Les meir