Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Aktive elevar i varmt sommarver

Torsdag 15. september var heile skulen på Sandviksanden. Det var stor aktivitet i det fine sommarveret med volleyball, bading, grilling og ulike gruppeoppgåver på tvers av klassene. Skulen tek kvart år ein skuledag på Sandviksanden ved skulestart. Målet med den årlege stranddagen er å bygge det  gode fellesskapet. I år måtte vi vente i lengste laget på grunn av veret, men vi venta ikkje forgjeves. Det vart ein strålande dag.

Les meir

Felles foreldremøte 13. september

Tysdag 13. september kl 19.30 vert det felles foreldremøte for føresette til alle VG1-elevar.

Først felles informasjon på kantina, og deretter klassevise samlingar med kontaklærarane.

Vel møtt!

Les meir

Informasjon til føresette og ungdom om Ungdata-undersøkinga i Vanylven 2016

På oppdrag frå Vanylven kommune gjennomfører forskingsinstituttet NOVA ved Høgskulen i Oslo og Akershus og Kompetansesenter rus – region Midt-Norge (KoRus Midt-Norge) ei anonym spørje­undersøking blant ungdomane i kommunen.

Les meir

Velkomen som elev på Herøy vgs. avd. Vanylven

Vi startar måndag 22.08. kl. 08.10. Oppmøte på kantina.

Vel møtt!

Les meir

Ambulansestasjonen

Fredag 10. Juni 2016 besøkte HO klassa ambulansestasjonen på Fiskå. Her fekk vi omvising på både stasjonen og i bilane. Vi fekk også prøve ut forskjellige ting. Dette var kjekt og lærerikt!

Les meir

Monsiaden 2016

Onsdag 1.juni var elevane frå Helse-og oppvekstklassa medhjelparar på Monsiaden på Eidsåvoll.

Les meir

Ny PC til skulestart

For dei som skal starte i vidaregåande til hausten er det god info på linken nedanfor og i PDF-dokumentet i høgremargen.

Les meir

Ekskursjon til Dalsfjorden

Onsdag, 19.april,  var HO og TP, saman med Astrid, Knut og Frode,  på ekskursjon til Dalsfjorden.

Les meir

PC for TIP-elevar

Elevane som går på TIP brukar teikneprogrammet Autodesk Inventor i undervisninga. Dette programmet fungerer ikkje på Mac. Difor er det slett ikkje lurt å kjøpe Mac viss du skal ha ny PC til hausten som elev på TIP.

Les meir

Nytt om signering av avtale om støtte for elevar under 18 år

Frå neste undervisningsår (2016–2017) kan foreldre til elevar under 18 år få vedtaket om støtte elektronisk og signere digitalt på vegne av barnet digitalt. Elevane skal ikkje lenger signere for stipend, men må framleis signere avtalen dersom dei får lån.

 

Meir informasjon finn du i PDF-dokumentet i høgremargen, eller:

Klikk her for meir informasjon om kva endringa inneber for elevane.

Les meir