Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Første skuleveka i gong

Tysdag møttest alle elevane til felles frukost på kantina. I tillegg til elevane på vidaregåande var også elevar frå vaksenopplæringa inviterte. God stemning og god frukost!

Frukosten er ein av mange fellesaktivitetar skulen arrangerer no ved skulestart for å gjere elevar og lærarar kjende med kvarandre.

Les meir

Velkomen til eit nytt skuleår

Vi startar skuleåret måndag 17. august. Elevane møter kl. 08.10 på kantina for felles informasjon. Etter dette vert det samling klassevis med kontaklærar og faglærarar.

Vel møtt!

Les meir

Skule-PC skuleåret 2015-2016

Alle elevar i vidaregåande skule må ha PC. Elevane som skal gå på TIP bør ikkje ha Mac då teikneprogrammet ein brukar i undervisninga ikkje fungerer på Mac. God informasjon om PC-ordninga finn du på http://ungweb.no/UNGweb/Utdanning/Den-digitale-skulen/PC-ordninga Ta gjerne kontakt om det er spørsmål om om PC-ordninga.

Les meir

Stipend frå Lånekassen

Er du elev i vidaregåande skule og har ungdomsrett, får du utstyrsstipend frå Lånekassen. Du får stipend uansett kor mykje foreldra dine tener. Hugs at du må søkje for å få det. Når du søkjer, sjekkar Lånekassen automatisk om du har rett til stipend, som for eksempel grunnstipend eller bustipend.

Les meir

Klage på karakterar

Elevar har rett til å klage på karakterar som er gitt  (standpunktkarakterar og eksamenskarakterar). Du finn informasjon om dette i rundskrivet til høgre. Du kan også ta kontakt med skulen for å få informasjon.

Dersom du vil klage på ein karakter må det gjerast innan 10 dagar etter at du har fått melding om karakteren.

Les meir

Hospiteringsdagane 2014

Tysdag 18. og onsdag 19. november tok skulen mot mange 10.-klassingar frå Åheim, Syvde og Dalsfjord. Elevane deltok i undervisninga saman med våre elevar på HO, ST og TIP. Målet med dagane er at ungdomane skal få eit best muleg grunnlag for å velje programområde i vidaregåande skule. Onsdag kveld var foreldra deira inviterte til skulen for orientering om vidaregåande opplæring

Les meir

Vellukka Operasjon Dagsverk 30. oktober

Dei aller fleste elevane tok del og greidde å samle inn 23 135 kr som vil bli brukte i samarbeid med Utviklingsfondet for å gi jenter i Malawi og Etiopia auka sjølvstende og mulegheit til å bestemme over eige liv.

Les meir

Internasjonal dag

Onsdag 22.oktober hadde vi Internasjonal dag ved skulen vår. Det var  elevrådet, som er OD-komite, som hadde utarbeidd programmet for dagen.

Les meir

Flott dag på Sandviksanden

Torsdag 28. august var vel 50 vg1-elevar og lærarar på utflukt til Sandviksanden på Hakallestranda. Denne dagen er ein del av skulastartprogrammet vårt. På programmet stod grilling, mange felles aktivitetar og sandvolley-turnering. Sidan det vart full klaff med veret vart det sjølvsagt også bading. Ein strålande dag med positive og engasjerte elevar. Dette lovar godt for resten av skuleåret!

Les meir

VELKOMEN TIL SKULEÅRET 2014-2015

Første skuledagen for elevane er måndag 18.08. Vi startar skuledagen kl. 08.10 med oppmøte i kantina for alle.

 

Vi ønskjer alle nye og tidlegare elevar velkomne!

Les meir