Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy vgs. avd. Vanylven > Nyheiter > Aktive elevar i varmt sommarver

Aktive elevar i varmt sommarver

Torsdag 15. september var heile skulen på Sandviksanden. Det var stor aktivitet i det fine sommarveret med volleyball, bading, grilling og ulike gruppeoppgåver på tvers av klassene. Skulen tek kvart år ein skuledag på Sandviksanden ved skulestart. Målet med den årlege stranddagen er å bygge det  gode fellesskapet. I år måtte vi vente i lengste laget på grunn av veret, men vi venta ikkje forgjeves. Det vart ein strålande dag.