Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy vgs. avd. Vanylven > Nyheiter > DIABETESPROSJEKT

DIABETESPROSJEKT

For å få eit godt innblikk på diabetes, blei det
bestemt at HO skulle ha eit diabetesprosjekt 19.01.16. Elevar og lærarar vart
delte inn i to grupper der ei gruppe fekk ete sunn frukost, og den andre skulle
ete usunn. Det vart målt blodsukker før og etter frukosten. Etterpå vart det
informasjon til elevar og tilsette der det vart vist kvifor eit sunt kosthald
er viktig for å halde blodsukkeret i sjakk. Prosjektet gjekk over to dagar.
Dette var lærerikt og veldig kjekt. Elevane på både HO og TP syntes dette var
eit artig prosjekt. Og det var ingen teikn til at nokon av elevane eller
lærarane hadde diabetes- alt var på det normale.