Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy vgs. avd. Vanylven > Nyheiter > Ein meters-regelen fører til redusert kapasitet på skolebuss og hurtigbåt

Ein meters-regelen fører til redusert kapasitet på skolebuss og hurtigbåt

Når alle skolar startar denne veka, vil det tidvis kunne bli problem med å få plass til alle på skolebussen og hurtigbåtane, både til og frå skolen.

På grunn av smittevernreglar i kollektivtransporten, vil skolebussane og hurtigbåtane berre ha plass til halvparten av passasjerane dei har til vanleg. Elevane må sitte med ein meters avstand frå kvarandre, på oppmerka sitte- eller ståplassar.

I nasjonal rettleiar om smittevern for ungdomsskole og videregåande skole står det at elevane der det er mogleg ikkje skal bruke offentleg transport, med mindre dei ikkje har andre alternativ. Det betyr at du ikkje skal reise med buss dersom du ikkje må - bruk sykkel eller gå dersom du kan. Å bli køyrd av foreldre er ei anna løysing.

Alle elevar med rett til skoleskyss må vere merksame på den reduserte kapasiteten, og planlegge for alternativ til ordinær skoleskyss om skolebussen/hurtigbåten er full. Med dei gjeldande smittevernreglane vil elevar som ikkje får plass, kunne nytte det ordinære buss-/hurtigbåttilbodet for å komme seg heim frå skolen. Ver merksam på at smittevernreglane gjer at det er redusert kapasitet på det ordinære buss-/hurtigbåttilbodet også.

Om du må nytte skoleskyss må du passe på dette:

  • Dersom du er sjuk eller kan vere smitta skal du ikkje møte på skolen.
  • Når du går av/på bussen, bør du halde avstand til andre.
  • Vis omsyn og hald anbefalt avstand på ein meter.
  • Bruk kun dei seta og ståplassane som er ledige for bruk. Dersom ingen av plassane er ledige, må du gå av bussen/hurtigbåten.
  •  Vask hender når du kjem til skolen og når du kjem heim.

Les meir Veileder om smittevern for ungdomsskole og videregående skole under covid-19 utbruddet 2020

Les meir på retningslinje for operatørar og skolar i FRAM-området