Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy vgs. avd. Vanylven > Nyheiter > Ekskursjon til Dalsfjorden

Ekskursjon til Dalsfjorden

Onsdag, 19.april,  var HO og TP, saman med Astrid, Knut og Frode,  på ekskursjon til Dalsfjorden.

Fyrste besøk var i Tussa sitt kraftverk, Åmæla, som ligg i Åmelfoten i indre Dalsfjord. Kraftverket er for tida stansa for å ha totaloverhaling, og for å få ny turbin. Neste stopp var Marine Harvest sitt nye smoltanlegg i Steinsvika. Dette er pr i dag største smoltanlegget i verda. Vi fekk eit innblikk i livet på eit topp moderne smoltanlegg og fekk sjå alle stadia frå rogn til smolt, og måtte skifte kvite frakkar og fottøy 3-4 gonger i løpet av besøket pga smittefaren. Siste post på programmet var Dalsfjord Fyrmuseum i Dravlausbygda, og fekk her ei innføring i nasjonal og lokal fyrbyggar-historie.