Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy vgs. avd. Vanylven > Nyheiter > Flott overnattingstur

Flott overnattingstur

Etter ein lengre periode med regn vart det endeleg fint ver i slutten av september, og torsdag 27. var det klart for overnattingstur og naturfag/geografiekskursjon for ST på Øverberg. Torsdagskvelden var hovedattraksjonen det store bålet av einer, som til tider var reine fyrverkeriet.

Etter å ha rydda stien i området for store mengde einer var bålmaterialet på plass, og kvelden vart i stor grad brukt til bålbrenning og sosialt samvær. Neste dag var det geografiekskursjon i botnbreområdet der vi overnatta på toppen av endemorena som i lokalmiljøet er kjent som Rinden. Dette er ei veldig tydeleg endemorene, og den er laga av så grovt materiale at elva renn tvers igjennom morena. Naturfagekskursjonen var lagt til den store torvmyra på Øverberg. Kjempekjekk tur og svært arbeidsvillige og flinke stiryddrar.