Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy vgs. avd. Vanylven > Nyheiter > Fyrstehjelpskurs 14.12.2015

Fyrstehjelpskurs 14.12.2015

Klassane HO og TP gjennomførte i dag eit lenge planlagt samarbeidsprosjekt. Dagen starta med gjennomgang av ulike farekjelder i verkstadområdet på skulen, både i maskinverkstaden og sveiseverkstaden. Neste økt var undervisning i ulike skadetypar og behandling av desse, i regi av HO-klassen. I neste omgang vart TP- klassen inndelt i grupper som fekk øve praktisk på behandling av ulike skadar og HLR, alt under rettleiing frå kyndige HO-elevar.

Glimt frå fyrstehjelpskurs måndag 14.12.15

Nokre glimt frå fyrstehjelpskurset 14.12.15

Dagen vart avslutta med to Kahoot’ar med spørsmål om det dei hadde lært denne dagen, og resultatet synte at vi kan gå ein trygg kvardag i møte på Avdeling Vanylven, med omsyn til fyrstehjelpskunnskap. Elles var opplegget vellukka når det kjem til samarbeid mellom programfagområda, både sosialt og fagleg!