Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy vgs. avd. Vanylven > Nyheiter > Informasjon til føresette og ungdom om Ungdata-undersøkinga i Vanylven 2016

Dokument

Ungdata 2016
PDF-dokument - 150,99 kB

Informasjon til føresette og ungdom om Ungdata-undersøkinga i Vanylven 2016

På oppdrag frå Vanylven kommune gjennomfører forskingsinstituttet NOVA ved Høgskulen i Oslo og Akershus og Kompetansesenter rus – region Midt-Norge (KoRus Midt-Norge) ei anonym spørje­undersøking blant ungdomane i kommunen.

Formålet er å kartleggje ulike sider ved livsstilen og levekåra til ungdom. Resultata frå undersøkinga vil kunne danne grunnlag for ungdomspolitikken og det førebyggjande arbeidet retta mot ungdom i Vanylven kommune. Data frå undersøkinga vil også kunne verte brukte i forskings- og utviklingsprosjekt der målet er å få ny kunnskap om oppvekstvilkåra til ungdom. Undersøkinga går føre seg på skulen i løpet av veke 39: måndag 26. - fredag 30. september. Det tek ca. éin skuletime å fylle ut spørjeskjemaet. Spørjeskjemaet inneheld spørsmål om korleis ungdom bruker fritida si, om trivsel og kva slags tilhøve dei har til skule, venner og vaksne i nærmiljøet. Det vil også verte stilt spørsmål om vanskelege sider ved det å vere ung, slik som mobbing, psykisk helse, vald og rusmiddel. I tillegg kjem spørsmål om foreldras utdanning og sosiale status. Meir utfyllande informasjon finn du på www.ungdata.no. Føresette som ønskjer det, kan få tilsendt heile spørjeskjemaet ved å kontakte KoRus Midt-Norge. 

Elevane svarer på spørsmåla ved å logge seg inn på www.ungdata.no med eit tilfeldig tildelt brukar­namn. Elevane vert informerte om at deltaking er frivillig, og at dei kan hoppe over enkeltspørsmål. Undersøkinga er anonym, og det er ikkje mogleg å identifisere enkeltelevar gjennom dei dataa som vert samla inn. Ein vil ikkje kunne kjenne igjen enkeltpersonar når resultata frå undersøkinga vert offentleggjorde. Alle svara vil verte handsama strengt fortruleg av NOVA, KoRus Midt-Norge medarbeidarar i Rambøll, som legg til rette for den elektroniske undersøkinga. Føresette kan reservere seg mot at deira barn skal delta, ved å gje beskjed til kontaktlæraren. For at undersøkinga skal ha nokon verdi, er det viktig at så mange som mogleg deltek. Datamaterialet vil seinare verte lagt inn i ein nasjonal database, saman med tilsvarande ungdoms­undersøkingar som er gjennomførte i andre kommunar. 

Ved ytterlegare spørsmål knytt til undersøkinga, ta kontakt med seksjonsleder Rita Valkvæ ved KoRus Midt-Norge (47 87 89 00/rita.valkve@stolav.no) eller kontaktperson for under­søkinga i Vanylven kommune, Hanne Morseth (70 03 01 82/ hanne.morseth@vanylven.kommune.no).