Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy vgs. avd. Vanylven > Nyheiter > Monsiaden 2016

Monsiaden 2016

Onsdag 1.juni var elevane frå Helse-og oppvekstklassa medhjelparar på Monsiaden på Eidsåvoll.

Der delte dei ut startnummer, medaljer, yoghurt og spel til deltakarane som kom frå ei rekkje Sunnmørskommunar og frå Nordfjord. Nokre hjelpte også til på kjøkkenet. Det var litt surt ver, men dette stoppa ikkje idrettsgleda hos deltakarane og heller ikkje innsatsen til HO-klassa. Det såg ut som deltakarane storkoste seg og det gjorde tydelegvis elevane våre og.  Dagen var fylt med latter, glede, klemmar og masse dans!