Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy vgs. avd. Vanylven > Nyheiter > Operasjon Dagsverk

Operasjon Dagsverk

Også i år valde elevane å ta del i Operasjon Dagsverk. Tysdag 24.10. arrangerte OD-komiteen Internasjonal Dag, der formålet var å gi elevane informasjon om prosjektet.

OD-ID-2015

Dette året er fokus retta mot Peru, Chile og Argentina i Sør-Amerika, og OD har Amnesty International som samarbeidspartnar. Temaet er «Med lik rett», og tek opp ungdom (og særleg jenter) sin rett til å ta eigne val i samband med seksualitet og kjærleik. Seksualundervisning i skulen, ungdomsgraviditet, abort i samband med valdtekt og vanskar med å fullføre skulegang for tenåringsmødre, er nokre av dei viktige emna som vart tekne opp. 

Elevane nytta videoar med tilhøyrande quiz og visualiseringsleikar som hjelpemiddel. Økta vart avslutta med felles måltid der det vart servert empanadas. 

Fredag 30. oktober er det Operasjon Dagsverk. Då vil dei aller fleste elevane vere i arbeid for å skaffe midlar til prosjektet. Desse midlane skal brukast til menneskerettigheitsundervisning, oppbygging av sterke ungdomsnettverk og trening av ungdom i å påverke maktahavarane i dei tre landa.