Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy vgs. avd. Vanylven > Nyheiter > Overnattingstur i vinterfjellet

Overnattingstur i vinterfjellet

Dei åra det har vore gode nok snøtilhøve har vi hatt overnattingstur med igloo og snøholebygging. På grunn av svært lite snø vart det i år ein kombinasjon av igloo og telt. Det var svært god stemning rundt bålet utover kvelden og natta, og faktisk god stemning morgonen etter også, sjølv om ikkje alle hadde sove like mykje og like godt.