Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy vgs. avd. Vanylven > Nyheiter > Utviding av tida med stengde skular – fram t.o.m 13.april 2020

Utviding av tida med stengde skular – fram t.o.m 13.april 2020

Regjeringa har bestemt å vidareføre stenginga av skulane, i denne omgang fram til og med 13.april 20 (2.påskedag) og den nettbaserte undervisninga må halde fram. Vi legg stor vekt på å halde kontakt med elevane og følgje opp planane i dei ulike faga. Det meste av undervisninga er no nettbasert. Vi oppmodar alle til å følgje styresmaktene sine råd for å begrense smitten.

Det kan vere krevjande å vere borte frå skulekvardagen såpass lenge. Elevar eller føresette må gjerne kontakte kontaktlærar eller rektor dersom der er problemstillingar ein ønskjer å lufte.