Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy vgs. avd. Vanylven > Nyheiter > Velferdssjekk frå Vanylven kommune

Velferdssjekk frå Vanylven kommune

20.01. kom ordførar Lena Landsverk Sande på visitt til skulen. Ho hadde med ein gåvesjekk på kr. 25000. Pengane skal gå til velferdstiltak til elevane. Ordføraren poengterte at kommunen verdset den vidaregåande skulen i kommunen høgt, og ein ønskjer at elevane vel tilboda skulen kan tilby, også fordi ein ser verdien av at ungdomane bur i kommunen lengre.

Etter at elevrådet hadde tatt imot og takka for pengegåva, hadde ordføraren ein skuletime med elevane om kommunereforma og utfordringane kommunane står overfor når det gjeld kommunesamanslåingar. Mange elevar gav uttrykk for at at dei vart litt visare om dette etter skuletimen.