Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Vg2 - Helsearbeidarfag

Vg2 - Helsearbeidarfag

Helsearbeidarfaget skal medverke til å dekke behovet for kompetente helsefagarbeidarar som kan møte pasientar, brukarar og pårørande på ein profesjonell måte. Hovudmålet for Programfaga er å utdanne helsefagarbeidarar som samarbeider med andre yrkesgrupper, fremmer trivsel, fysisk og psykisk helse og ivaretek brukarmedverknad og pasientrettar Gjennom helsefremjande arbeid skal helsefagarbeidaren førebygge isolasjon og legge til rette for eit meir aktivt liv.

Opplæringa i faget skal utvikle evne til å møte menneske med ulik kulturell bakgrunn i ulike livssituasjonar og med ulik evne og mulegheit for kommunikasjon. Vidare skal opplæringa vere med å gjere helsefagarbeidaren skikka til å observere og bruke kunnskap om ulike sjukdommar, skader og lidingar, og til å setje i verk førebyggande eller behandlande tiltak innan eige ansvars- og kompetanseområde. Opplæringa skal vere med å utvikle profesjonelle yrkesutøvarar med empati og evne til samspel med menneske med ulike hjelpebehov. Programfaga skal utvikle helsefagarbeidarar som kan delta aktivt i helse-, miljø- og tryggleiksarbeid.

Programfaga utgjer ein heilskap, og opplæringa skal vere tverrfagleg og praksisnær.

Struktur

Programområde for helsearbeidarfaget består av tre programfag. Programfaga utfyller kvarandre og må sjåast i samanheng.

Beskriving av programfaga

Helsefremjande arbeid

Helsefremjande arbeid dreier seg om kva levevanar, fysisk aktivitet og kosthald betyr for å førebygge sjukdom og fremje helse. Faget handlar om profesjonell helsehjelp, pleie, omsorg og aktivitetar som fremjar helse, trivsel og livskvalitet. I faget inngår også grunnleggande sjukepleie, praktiske hygienetiltak og førebygging av smitte. Programfaget dreiar seg om samanhengen mellom kroppens oppbygning, funksjonar og sjukdomslæra. Helse, miljø og tryggleik og førebygging av belastningslidingar og førstehjelp inngår.

Kommunikasjon og samhandling

Kommunikasjon og samhandling dreier seg om kva dette betyr for menneske med ulike behov for helse- eller sosialhjelp. Empati, respekt og toleranse som grunnleggjande verdiar for den enkelte si sjølvkjensle og integritet står sentralt. I faget inngår også ulike kommunikasjonsteknikkar og konflikthandtering, objektiv observasjon, korrekt tilbakemelding og relevant regelverk om teieplikt og personvern.

Yrkesutøving

Yrkesutøving dreiar seg om korleis eit heilskapleg menneskesyn kan ivaretakast. Planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og vurdering av eige arbeid inngår også i faget. Det handlar vidare om relevant regelverk og yrkesetiske retningslinjer. Helsefagarbeidaren si rolle og sitt ansvar i samarbeid med andre yrkesgrupper står sentralt. Programfaget handlar om ulike planar som vert brukte i helse- og sosialsektoren, om dokumentasjon og gjennomføring av helse-, omsorgs- og sosialtiltak.

Timetal

Timetalet er oppgitt i einingar på 60-minutt.

Fag
Årstimetal
Fellesfag
 
Norsk 56
Engelsk 56
Samfunnsfag 84
Kroppsøving 56
Felles programfag
 
Helsefremjande arbeid 197
Kommunikasjon og samhandling 140
Yrkesutøving 140
Prosjekt til fordjuping 252

Kontaktpersonar

Ester Sørdal Klungre
Avdelingsleiar
71 28 18 81 / Mob. 918 91 826
Send e-post
Åse Ragni Relling Lynge
Lærar
71 28 18 24 / Mob. 412 65 028
Send e-post