Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy vgs. avd. Vanylven > Studietilbod > Vg1 - Studiespesialisering

Vg1 - Studiespesialisering

Vg1 - Studiespesialisering

Dersom du kan tenkje deg eit yrke som krev høgare utdanning (høgskulestudium), er det eit godt alternativ å førebu seg til dette ved å velje utdanningsprogrammet studiespesialisering.

Fag- og timefordelinga finn du nedanfor, og faga er ei vidareføring av dei faga du kjenner frå grunnskulen.

Gjennom tre år i dette utdanningsprogrammet oppnår du studiekompetanse, det vil seie at du kan velje ei rekkje utdanningsvegar ved høgskular og universitet. Slik ligg vegen open for deg til ulike utfordrande yrke og karrierevegar.

Dersom du vel dette studieprogrammet, bør du trivast med å gå på skule og du bør kunne tenkje deg nokre fleire år i utdanning der du er motivert for å arbeide seriøst med skulefaga for å nå måla du set.

Fag- og timefordeling Vg1 (ST)

Fag Timar pr veke (á 45 min)
Norsk 4
Matematikk (1T eller 1P) 5
Naturfag 5
Engelsk 5
Framandspråk (Tysk 1 eller Tysk 2) 4
Samfunnsfag 3
Geografi 2
Kroppsøving 2
Sum fellesfag 30
Vi har undervisningsøkter av ulik lengd   (45 min og 60 min)

Kontaktpersonar

Ester Sørdal Klungre
Avdelingsleiar
71 28 18 81 / Mob. 918 91 826
Send e-post
John Willy Klungre
IKT-ansv
71 28 18 86 / Mob. 950 68 329
Send e-post