Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Informasjon til elevar og føresette om undervisningsevalueringa 2019-2020

Det er politisk vedteke at vidaregåande skolar i Møre og Romsdal skal gjennomføre ei undervisningsevaluering kvart skoleår. Målet med evalueringa er at ho skal vere eit verktøy for kvalitetsutvikling i den vidaregåande opplæringa i fylket. Resultata vil brukast i utviklingsarbeid mellom lærar og undervisningsgrupper, og mellom lærar og avdelingsleiar. Rambøll Management Consulting hjelper fylkeskommunen i design, gjennomføring og rapportering av evalueringa.

Les meir på: https://mrfylke.no/nyheiter/informasjon-til-elevar-og-foeresette-om-undervisningsevalueringa-2019-2020

Les meir

Varselknapp mot mobbing

Den nye varselknappen mot mobbing i elevportalen ligg klar.

Det er svært viktig at mobbing i skulen vert varsla og teke hand om så tidleg som råd.

Dersom du sjølv eller andre ikkje har det trygt og godt på skulen, kan du sende varsel og melde frå.

Les meir

Besøk av minister og ordførar

Dagen etter skulestart fekk skulen vår uventa besøk av Iselin Nybø, minister for forsking og høgare utdanning, og ordførar Lena Landsverk med følgje.

Det vart eit overraskande og hyggeleg møte for elvane i TIP-klassen, som til og med song fødselsdagssong for ordføraren vår, som er 50 år i dag.

Les meir

Velkomen til nytt skuleår!

Vi ønskjer alle elevane velkomne til eit nytt skuleår! Vi vonar du får eit lærerikt og kjekt år!

Les meir

Klagebehandling av standpunktkarakter

Utdanningsetaten i Møre og Romsdal fylkeskommune har utarbeidd ei rettleiing om behandling av klager på standpunktkarakterar.

Her finn du informasjon om kva elev eller føresette kan klage på, korleis skulen skal behandle klaga og kva klageinstansen skal sjå på: https://mrfylke.no/Tenesteomraade/Utdanning/Elev/Eksamen-og-vurdering/Klage-paa-standpunktkarakter

Les meir

Undervisningsevalueringa 2018-19

Informasjon til elevar og føresette om undervisningsevalueringa 2018-19

Det er politisk vedteke at vidaregåande skolar i Møre og Romsdal skal gjennomføre ei undervisningsevaluering kvart skoleår. Målet med evalueringa er at ho skal vere eit verktøy for kvalitetsutvikling i den vidaregåande opplæringa i fylket. Resultata vil brukast i utviklingsarbeid mellom lærar og undervisningsgrupper, og mellom lærar og avdelingsleiar. Rambøll Management Consulting hjelper fylkeskommunen i design, gjennomføring og rapportering av evalueringa.

Undersøkinga vert gjennomført i starten av desember på vidaregåande i Vanylven.

Du finn meir informasjon her.

Les meir

Strålande aktivitetsdag på Sandviksanden

Fredag 7. september var alle elevane samla på Sandviksanden til aktivitetsdag. Og aktivitet vart det masse av! Etter å ha vore gjennom ei variert aktivitetsløype vart det grilling og sosialt felleskap før nesten alle elevane var med i sandvolleyball-turnering.

Det vart ein strålande seinsommardag der det vart rom for bading i tillegg til både organiserte og uorganiserte aktivitetar.

Les meir

Felles foreldremøte torsdag 06.09.2018 kl. 19.00

Torsdag 6. september 2018 kl. 19.00 blir det felles informasjonsmøte for foreldra til VG1 elevane på kantina. Møtet vil vare omlag ein og ein halv time og gir viktig informasjon for foreldra. Program for møtet i PDF-format finn du til høgre for denne teksten. Vi håpar at alle kan møte.

Les meir

Viktig info til nye elevar

Velkomen som ny elev ved skulen vår!

Sjå nedanfor om viktig info til deg som ny elev:

Les meir

Klage på standpunktkarakter

Dersom ein elev vil klage på ein standpunktkarakter, skal det skje etter visse prosedyrar. Klagefristen er 10 dagar etter at eleven har fått melding om karakterane. Halvårsvurderingar kan ikkje klagast på.

Det er lurt å ta kontakt med skulen om ein vurderer å klage.

Sjå meir informasjon her: https://mrfylke.no/Tenesteomraade/Utdanning/Elev/Klage

Les meir